Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til romarane

Paulus’ brev til romarane

1. kapitlet

1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,

2 som han lova fyreåt gjenom profetarne sine i heilage skrifter,

3 um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,

4 som etter heilagdoms ånd er sannsynt å vera Guds velduge Son ved uppstoda frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,

5 som me fekk nåde ved og apostel-embætte til å verka lydnad i tru millom alle heidningfolki for hans namn skuld

6 - millom deim er de og kalla til Jesus Kristus -

7 til alle deim i Rom som Gud elskar, de kalla, heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

8 Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.

9 For Gud som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne um kor uavlatande eg kjem dykk i hug.

10 I bønerne mine bed eg alltid um at eg då endeleg eingong med Guds vilje kunde få lukka til å koma til dykk.

11 For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde få gjeva dykk av eikor åndeleg nådegåva med meg til dykkar styrkjing,

12 det vil segja at eg hjå dykk kunde hyggjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.

13 Og eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at eg ofte hev etla meg til å koma til dykk - men eg vart hindra alt til no - so eg kunde hava eikor frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.

14 Eg stend i skuld både til grækarar og barbarar, både til vise og uvise.

15 Soleis er eg på mi sida viljug til å preika evangeliet for dykk og som er i Rom.

16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.

17 For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»

18 For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferdi hjå folk som held att sanningi i urettferd.

19 For det som ein kann vita um Gud, ligg i dagen for deim, for Gud hev openberra deim det.

20 For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsaking

21 når dei, endå dei kjende Gud, like vel ikkje æra eller takka honom som Gud, men vart fåfengde i tankarne sine, og deira uvituge hjarta myrktest.

22 Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,

23 og dei bytte den uforgjengelege Guds herlegdom burt for eit bilæte som likjest eit forgjengelegt menneskje og fuglar og firføtte dyr og krjupdyr.

24 Difor gav Gud deim yver i deira hjartans lyster til ureinskap, so dei skjemde sine likamar seg imillom,

25 dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.

26 Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige,

27 og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.

28 Og liksom dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud deim yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde det usømelege:

29 fulle av all urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap, fulle av ovund, mord, trætta, svik, fulkynde,

30 øyretutarar, baktalarar, gudhata, valdsmenner, stormodige, storordige, uppfinnsame på vondt, ulyduge mot foreldre,

31 uvituge, usætande, ukjærlege, miskunnlause;

32 slike som vel kjenner Guds dom, at dei som gjer slikt, er verde dauden, og endå ikkje berre gjer det, men og gjev deim medhald som gjer det.

2. kapitlet

1 Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same;

2 men me veit at Guds dom, som sanning krev, er yver deim som gjer slikt.

3 Men trur du det, du menneskje som dømer deim som gjer slikt og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom?

4 Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?

5 Men med ditt hardlynde og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreidens dag då Guds rettferdige dom vert openberr;

6 for han skal gjeva kvar etter gjerningarne hans:

7 deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv;

8 men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm.

9 Naud og trengsla skal koma yver kvar menneskjesjæl som gjer det vonde, både jøde fyrst og so grækar.

10 Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grækar.

11 For Gud gjer ikkje skil på folk:

12 Alle som synda utan lovi, dei skal og verta fortapte utan lovi, og alle som synda under lovi, dei skal og verta dømde ved lovi.

13 For ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer etter lovi, skal verta rettferdiggjorde.

14 For når heidningarne som ikkje hev lovi, gjer av naturi det som lovi byd, so er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje hev lovi.

15 Dei syner at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira, med de samvitet deira gjev sitt vitnemål, og tankarne seg imillom sakar eller orsakar deim

16 - på den dagen då Gud skal døma det dulde hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus.

17 Men um du heiter jøde og lit på lovi og rosar deg av Gud

18 og veit hans vilje og dømer um dei ymse ting med di du lærer av lovi,

19 og trøyster deg til å vera vegvisar for blinde, ljos for deim som er i myrker,

20 uppsedar for dårar, lærar for umynduge, då du hev den rette form for kunnskap og sanning i lovi:

21 Du som soleis lærer ein annan, lærer du ikkje deg sjølv? Du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du?

22 Du som segjer at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som styggjest ved avgudar, ranar du avgudstempel?

23 Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi!

24 For «Guds namn vert spotta millom heidningarne for dykkar skuld,» som skrive stend.

25 For umskjeringi gjer vel gagn um du held lovi; men bryt du lovi, då hev di umskjering vorte til fyrehud.

26 Um då ein u-umskoren liver etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering?

27 Og den som hev den naturlege fyrehud, men uppfyller lovi, skal døma deg som med bokstav og umskjering bryt lovi.

28 For ikkje den er jøde som er det i synom, og ikkje heller er det umskjering som er det i synom, på kjøtet.

29 Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.

3. kapitlet

1 Kva fyremun hev so jøden? eller kva gagn er det i umskjeringi?

2 Mykje i alle måtar! fyrst og fremst det at Guds ord vart gjeve deim til i vareign.

3 For korleis er det? um sume var utrue, skulde då deira utruskap gjera Guds truskap til inkjes?

4 Nei, langt ifrå! Lat det standa fast at Gud er sannordig, men kvart menneskje ein ljugar, som skrive stend: «At du må finnast rettferdig i dine ord, og vinna når du fører di sak.»

5 Men um vår urettferd syner Guds rettferd, kva skal me då segja? Er vel Gud urettferdig når han fører vreiden sin yver oss? Eg talar på menneskjevis.

6 Nei, langt ifrå! Korleis kunde då Gud døma verdi?

7 Ja, men um no Guds sannleik ved mi lygn synte seg ovstor til hans æra, kvi vert då eg endå dømd som ein syndar?

8 Og skal me ikkje då - som me vert spotta for, og som sume segjer at me lærer - gjera det vonde, so det gode kann koma utav det? Rettferdig er den domen som slike fær yver seg.

9 Kva då? Hev me nokon fyremun? Nei, slett ikkje; for me hev fyrr klaga både jødar og grækarar for at dei er under synd alle saman,

10 so som skrive stend: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein heller;

11 det finst ikkje den som er vitug, det finst ikkje den som søkjer Gud.

12 Alle er avvikne, dei er udugande vortne alle saman; det finst ikkje nokon som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

13 Ei opna grav er strupen deira, med tungorne sine gjorde dei svik, orme-eiter er under lipporne deira.

14 Deira munn er full av bannskap og beiska.

15 Deira føter er snare til å spilla blod.

16 Øyding og usæla hev deira vegar,

17 og freds veg kjenner dei ikkje.

18 Ingen age for Gud dei heve for augo.»

19 Men me veit at alt det som lovi segjer, det talar ho til deim som hev lovi, so kvar munn skal tagna og all verdi verta saka for Gud,

20 sidan inkje kjøt kann verta rettferdiggjort for honom med lovgjerningar; for ved lovi kjem ein til å kjenna synd.

21 Men no er Guds rettferd, som lovi og profetarne vitnar um, openberra utan lovi,

22 det vil segja Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus for alle og yver alle som trur. For det finst inkje skil;

23 alle hev synda og vantar æra for Gud,

24 med di dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysingi i Kristus Jesus.

25 Honom synte Gud fram i blodet hans, som ein nådestol ved trui, til å visa si rettferd, av di han i sitt langmod hadde havt tol med dei synder som fyrr var gjorde -

26 til å visa si rettferd i den tid som no er, so han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig som hev trui på Jesus.

27 Kvar er so vår ros? Ho er utestengd. Kva lov er det ved? Gjerningslovi? Nei, ved tru-lovi.

28 For me held fyre at menneskja vert rettferdiggjord ved tru utan lovgjerningar.

29 Eller er Gud berre Gud for jødar? Er han ikkje Gud for heidningar og? Jau, for heidningar og,

30 so sant Gud er ein, og han rettferdiggjer dei umskorne av tru, og dei u-umskorne ved tru.

31 Gjer me då lovi um inkje med trui? Nei, langt ifrå; me stadfester lovi.

4. kapitlet

1 Kva skal me då segja at Abraham, far vår, hev vunne etter kjøtet?

2 For vart Abraham rettferdiggjord av gjerningar, so hev han noko å rosa seg av. Men det hev han ikkje for Gud.

3 For kva segjer Skrifti? «Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.»

4 Men den som held seg til gjerningar, honom vert løni ikkje tilrekna av nåde, men etter skyldnad;

5 men den som ikkje held seg til gjerningar, men trur på han som gjer den ugudlege rettferdig, honom vert trui hans rekna til rettferd.

6 Soleis prisar og David det menneskjet sælt som Gud tilreknar rettferd utan gjerningar:

7 «Sæle er dei som hev misgjerderne sine forlatne og synderne sine yverbreidde.

8 Sæl er den mann som Herren ikkje tilreknar synd.»

9 Gjeld no denne sælkingi dei umskorne, eller dei u-umskorne og? For me segjer at trui vart rekna Abraham til rettferd.

10 Korleis vart ho då tilrekna honom? då han var umskoren, eller då han hadde fyrehud? Ikkje då han var umskoren, men då han hadde fyrehud,

11 og han fekk umskjeringsteiknet til innsigle på rettferdi ved den trui som han hadde då han var u-umskoren, av di han skulde vera far til alle dei u-umskorne som trur, so rettferdi kunde verta tilrekna deim og,

12 og far til dei umskorne, dei som ikkje berre hev umskjering, men og gjeng i fotfaret av den trui som Abraham, far vår, hadde då han var u-umskoren.

13 For ikkje ved lovi fekk Abraham eller ætti hans den lovnaden at han skulde vera erving til verdi, men ved tru-rettferd.

14 For er dei som held seg til lovi ervingar, so hev trui vorte gagnlaus og lovnaden til inkjes;

15 for lovi verkar vreide, men der det ingi lov er, der er ikkje heller lovbrot.

16 Difor fekk han lovnaden ved trui, so det kunde vera som ein nåde, so lovnaden kunde standa fast for all ætti, ikkje berre for den som hev lovi, men og for den som hev Abrahams tru; han som er far til oss alle -

17 som skrive stend: «Til fader åt mange folk hev eg sett deg» - for Guds åsyn som han trudde på, han som gjer dei daude livande og kallar det som ikkje er til, som um det vore til.

18 Mot von trudde han med von, so han skulde verta far til mange folk, etter det som sagt var: «So skal ætti di verta.»

19 Og utan veikskap i trui såg han på sin eigen likam, som var utlivd, han var nære på hundrad år, og på det utdøydde morslivet hennar Sara;

20 men på Guds lovnad tvila han ikkje med vantru, men vart sterk i trui, med di han gav Gud æra

21 og var fullviss på at det han hadde lova, var han og megtig til å gjera.

22 Difor vart det og rekna honom til rettferd.

23 Men ikkje berre for hans skuld er det skrive at det vart honom tilrekna,

24 men og for vår skuld som det skal verta tilrekna, me som trur på honom som vekte upp Jesus, vår Herre, frå dei daude,

25 han som vart gjeven for våre brot og uppvekt til vår rettferdiggjering.

5. kapitlet

1 Etter di me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus,

2 som me ved trui og hev fenge tilgjenge ved til denne nåden som me stend i, og me rosar oss av von um Guds herlegdom.

3 Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslorne våre, med di me veit at trengsla verkar tolmod,

4 og tolmodet verkar røynsla, og røynsla verkar von,

5 og voni gjer ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande som er oss gjeven.

6 For medan me endå var veike, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege.

7 For det vil vandt nokon døy for ein rettferdig - for ein som er god kunde kanskje einkvan taka på seg å døy -;

8 men Gud syner sin kjærleik til oss med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar.

9 So mykje heller skal me då, no me er rettferdiggjorde ved hans blod, verta frelste ved honom frå vreiden.

10 For so sant me vart forlikte med Gud ved hans sons daude då me var fiendar, so skal me so mykje heller verta frelste ved hans liv no då me er forlikte.

11 Ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av Gud ved vår Herre Jesus Kristus, som me no hev fenge forlik ved.

12 Difor, liksom syndi kom inn i verdi ved eitt menneskje og dauden ved syndi, og dauden soleis trengde igjenom til alle menneskje av di dei synda alle -

13 For vel var det synd i verdi fyre lovi, men syndi vert ikkje tilrekna der det ingi lov er;

14 men endå rådde dauden frå Adam til Moses ogso yver deim som ikkje hadde synda i likning med Adams brot, han som er eit fyrebilæte på den som skulde koma.

15 Men ikkje er det med nådegåva soleis som med fallet; for hev dei mange døytt med di at den eine fall, so hev mykje meir Guds nåde og gåva vorte ovrik for dei mange i det eine menneskje Jesu Kristi nåde.

16 Og ikkje er det med gåva soleis som det vart då ein synda; for domen vart til fordøming for ein skuld, men nådegåva vart til fridøming for mange fall skuld.

17 For dersom dauden kom til å råda på grunn av den eine manns fall, so skal mykje meir dei som fær den ovrike nåde og rettferds-gåva, liva og råda ved den eine, Jesus Kristus.

18 Difor, liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneskje, so vart og ein manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneskje.

19 For liksom dei mange vart syndarar ved ulydnaden åt det eine menneskjet, so skal og dei mange verta rettferdige ved lydnaden åt den eine.

20 Men lovi kom attåt, so fallet skulde verta stort; men der syndi vart stor, vart nåden endå større,

21 so liksom syndi rådde ved dauden, skulde nåden og råda ved rettferd til ævelegt liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

6. kapitlet

1 Kva skal me då segja? Skal me halda fram i syndi, so nåden kann verta dess større?

2 Nei, langt ifrå! Me som er avdøyde frå syndi, kor skulde me endå liva i henne?

3 Eller veit de ikkje at alle me som vart døypte til Kristus Jesus, me vart døypte til hans daude?

4 Me vart soleis gravlagde med honom ved dåpen til hans daude, for liksom Kristus vart uppvekt frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad.

5 For hev me vorte sameina med honom i likskapen med dauden hans, so skal me og verta det i likskapen med uppstoda hans,

6 då me veit dette, at vårt gamle menneskje vart krossfest med honom av so synd-likamen skulde verta til inkjes, so me ikkje lenger skal tena syndi;

7 for den som er daud, han er rettferdiggjort frå syndi.

8 Men døydde me med Kristus, so trur me at me og skal liva med honom,

9 av di me veit at Kristus ikkje døyr meir sidan han er uppvekt frå dei daude; dauden hev ikkje lenger vald yver honom.

10 For dauden sin, den døydde han ein gong for syndi, men livet sitt, det liver han for Gud.

11 Soleis skal de og rekna dykk daude for syndi, men livande for Gud i Kristus Jesus.

12 Lat difor ikkje syndi råda i dykkar døyelege likam, so de lyder lysterne hans!

13 Og bjod ikkje heller fram lemerne dykkar åt syndi til våpn for urettferd, men bjod dykk sjølve fram åt Gud som upplivna frå daude, og lemerne dykkar åt Gud til våpn for rettferd!

14 For syndi skal ikkje råda yver dykk; de er ikkje under lovi, men under nåden.

15 Kva då? Skal me synda, sidan me ikkje er under lovi, men under nåden? Nei, langt ifrå!

16 Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar so de lyder, so er de tenarar under den som de lyder, anten det so er under syndi til daude eller under lydnaden til rettferd?

17 Men Gud vere takk, at de vel hev vore tenarar under syndi, men no av hjarta hev vorte lyduge mot den lærdomsform som de er yvergjeven til!

18 Men sidan de er frigjorde frå syndi, hev de vorte tenarar for rettferdi.

19 Eg talar på menneskjevis for dykkar kjøts vesaldom. For liksom de baud lemerne dykkar fram til tenarar for ureinskapen og urettferdi til urettferd, so bjod no fram lemerne dykkar til tenarar for rettferdi til helging.

20 For då de var tenarar for syndi, var de frie frå rettferdi.

21 Kva frukt hadde de so den tid? Slikt som de no skjemmest ved. For endelykti på deim er dauden.

22 Men no då de er frigjorde frå syndi og hev vorte Guds tenarar, hev de dykkar frukt til helging, og endelykti er ævelegt liv.

23 For den løn som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er ævelegt liv i Kristus Jesus, vår Herre.

7. kapitlet

1 Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til slike som kjenner lovi - at lovi råder yver menneskjet so lenge det liver?

2 For den gifte kvinna er med lovi bundi til mannen sin so lenge han liver; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi um mannen.

3 Difor skal ho kallast horkona, um ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar liver; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert horkona um ho vert gift med ein annan mann.

4 Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi likam, av di de skulde høyra til ein annan, det er han som er uppstaden frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud.

5 For då me var i kjøtet, verka dei syndige lysterne, som vart vekte ved lovi, soleis i lemerne våre, at me bar frukt for dauden;

6 men no er me løyste frå lovi, med di me hev døytt frå det som me var fangar under, so me tener i Andens nye art og ikkje i bokstavens gamle art.

7 Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg kjende ikkje lysti, um ikkje lovi hadde sagt: «Du skal ikkje lysta!»

8 Men syndi tok tilføre av bodet og verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud.

9 Eg livde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp,

10 men eg døydde; og bodet som var til liv, vart funne å vera meg til daude,

11 for syndi tok tilføre av bodet og dåra og drap meg ved det.

12 So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettferdigt og godt.

13 Hev då det som er godt vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! men det var syndi, at ho skulde visa seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - so syndi skulde verta storleg syndig ved bodet.

14 For me veit at lovi er åndeleg, men eg er kjøtleg, seld under syndi.

15 Det eg gjer, det skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg.

16 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so vitnar eg med lovi at ho er god.

17 Men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg.

18 For eg veit, at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; for viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje.

19 For eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

20 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg.

21 So finn eg då den lov for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi.

22 For eg hev hug til Guds lov etter mitt indre menneskje,

23 men eg ser ei onnor lov i lemerne mine, som strider imot lovi i hugen min, og fangar meg under syndelovi som er i lemerne mine.

24 Eg arme menneskje! kven skal frelsa meg frå denne daudens likam?

25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg i meg sjølv Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.

8. kapitlet

1 So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus.

2 For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi.

3 For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet.

4 So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden.

5 For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til.

6 For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred,

7 etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller -

8 og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.

9 Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.

10 Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld.

11 Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk.

12 So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet.

13 For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva.

14 For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.

15 For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!»

16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.

17 Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom.

18 For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.

19 For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring;

20 for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder -

21 i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom.

22 For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no;

23 ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing.

24 For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser?

25 Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.

26 Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar,

27 og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage.

28 Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.

29 For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;

30 og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort.

31 Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?

32 Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom?

33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.

34 Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss.

35 Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd?

36 som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.»

37 Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss.

38 For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,

39 korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

9. kapitlet

1 Eg segjer sanning i Kristus, eg lyg ikkje, samvitet mitt vitnar med meg i den Heilage Ande,

2 at eg hev ei stor sorg og en stendig verk i hjarta mitt.

3 For eg skulde ynskja at eg sjølv var bannstøytt burt frå Kristus for brørne mine, samættingarne mine etter kjøtet,

4 dei som er israelitar, som hev barnekåret og herlegdomen og pakterne og lovgjevingi og gudstenesta og lovnaderne,

5 dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen.

6 Men det er ikkje so at Guds ord hev vorte til inkjes; for ikkje alle dei som er ætta frå Israel, er Israel;

7 og ikkje heller er alle Abrahams born for di um dei er hans ætt; men: «Etter Isak som skal ætta di heita,»

8 det vil segja: ikkje borni etter kjøtet er Guds born, men borni etter lovnaden vert rekna til ætti.

9 For dette er eit lovnadsord: «Ved dette bilet kjem eg att, og då skal Sara hava ein son.»

10 Og ikkje berre det, men so var det og med Rebekka, ho som var med born ved ein, det er Isak, far vår.

11 For då dei endå var ufødde, og ikkje endå hadde gjort korkje godt eller vondt - for at Guds rådgjerd etter hans utveljing skulde standa ved lag, ikkje ved gjerningar, men ved honom som kallar -

12 då vart det sagt til henne: «Den eldste skal tena den yngste,»

13 som skrive stend: «Jakob elska eg, men Esau hata eg.»

14 Kva skal me då segja? Skulde det finnast urettferd hjå Gud? Langt ifrå!

15 For han segjer til Moses: «Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynka den som eg ynkar.»

16 So stend det då ikkje til den som vil, og ikkje heller til den som renner, men til Gud som gjer miskunn.

17 For Skrifti segjer til Farao: «Just til dette reiste eg deg upp, at eg kunde syna magti mi på deg, og at namnet mitt kunde verta kunngjort yver all jordi.»

18 So miskunnar han då kven han vil, og gjer kven han vil hard.

19 So vil du vel segja til meg: «Kva hev han so endå å klaga for? For kven stend vel imot viljen hans?»

20 Men kven er då du, menneskje, som trættar imot Gud? Skal då verket segja til verkaren: «Kvi gjorde du meg so?»

21 Eller hev ikkje krusmakaren vald yver leiret, so han av same deigi kann gjera det eine kjerald til æra og det andre til vanæra?

22 Men um no Gud, endå han vilde syna vreiden sin og kunngjera si magt, like vel med stort langmod tolde dei vreide-kjerald som var laga til undergang,

23 so han og kunde gjera sin herlegdoms rikdom yver miskunnskjeraldi som han fyreåt hadde laga til herlegdom?

24 Og til slike kalla han oss og, ikkje berre av jødar, men og av heidningar,

25 som han og segjer hjå Hosea: «Det som ei er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og kalla henne elska som ei var elska;

26 og det skal ganga so, at på den staden det vart sagt til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal dei kallast den livande Guds born.»

27 Og som Jesaja ropar ut yver Israel: «Um talet på Israels born er som havsens sand, so skal då berre leivningen frelsast.

28 For ordet sitt skal Herren setja i verk og snøgt fullføra på jordi.»

29 Og som Jesaja fyrr hev sagt: «Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit sæde, so hadde me vorte som Sodoma og vorte like Gomorra.»

30 Kva skal me då segja? At heidningarne som ikkje søkte rettferd, dei vann rettferd, men det var rettferdi av tru.

31 Men Israel, som søkte rettferdslov, dei vann ikkje fram til denne lovi.

32 Kvifor so? For di dei ikkje søkte henne med tru, men med gjerningar, for dei støytte seg på støytesteinen,

33 som skrive stend: «Sjå, eg legg i Sion ein stein til støyt og eit berg til stygg; den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»

10. kapitlet

1 Brør! mitt hjartans ynskje og mi bøn til Gud for deim er at dei må verta frelste.

2 For eg gjev deim det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd;

3 for då dei ikkje kjende Guds rettferd, men stræva etter å grunna si eigi rettferd, so gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.

4 For Kristus er enden på lovi til rettferd for kvar den som trur.

5 For Moses skriv um den rettferd som er av lovi: «Det menneskjet som gjer desse ting, skal liva ved deim.»

6 Men den rettferdi som er av tru, segjer so: «Seg ikkje i ditt hjarta: «Kven skal fara upp til himmelen» - det vil segja til å henta Kristus ned -?

7 eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen» - det vil segja til å henta Kristus upp frå dei daude -?»

8 Men kva segjer ho? «Ordet er deg nær i munnen din og i hjarta ditt;» det er ordet um tru, det som me forkynner,

9 for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst;

10 for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.

11 For Skrifti segjer: «Kvar den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»

12 For det er inkje skil på jøde og grækar; alle hev dei same Herre, som er rik nok for alle som kallar på honom.

13 For kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14 Korleis skal dei då kalla på den som dei ikkje trur på? og korleis skal dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis skal dei høyra utan det er nokon som forkynner?

15 Og korleis skal dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: «Kor fagre føterne deira er, som forkynner fred, som ber godt bod!»

16 Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Jesaja segjer: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde?»

17 So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord.

18 Men eg segjer: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau, til vissa; «røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.»

19 Men eg segjer: Skyna ikkje Israel det då? Fyrst segjer Moses: «Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk, på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.»

20 Og Jesaja vågar seg til å segja: «Eg vart funnen av deim som ikkje søkte meg; eg synte meg for deim som ikkje spurde etter meg.»

21 Men um Israel segjer han: «All dagen rette eg ut henderne mine til eit ulydugt og motstridigt folk.»

11. kapitlet

1 Difor segjer eg: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå; for eg er og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.

2 Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer der ho talar um Elia, korleis han stig fram for Gud imot Israel og segjer:

3 «Herre! Profetarne dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart åleine att, og dei stend meg etter livet.»

4 Men kva segjer Guds svar til honom? «Eg leivde meg sju tusund mann som ikkje bøygde kne for Ba’al.»

5 Soleis hev det då og i denne tid vorte att ein leivning etter nådens utveljing.

6 Men er det av nåde, so er det ikkje lenger av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger.

7 Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått, men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherde,

8 som skrive stend: «Gud gav deim ei dauvskapsånd, augo til å ikkje sjå og øyro til å ikkje høyra, alt til den dag i dag.»

9 Og David segjer: «Lat bordet deira verta deim ei snara og ei gildra ei fella og ei attergjeld!

10 Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg alltid ryggen deira!»

11 Difor segjer eg: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningarne, so det skal vekkja deim til kapphug.

12 Men er deira fall ein rikdom for verdi, og deira skade ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då deira fullending!

13 For til dykk talar eg, de heidningar. So sant som eg er heidningapostel, ærar eg embættet mitt,

14 um eg då kunde vekkja samættingarne mine til kapphug og få frelst nokre av deim.

15 For hev verdi vorte forlikt med Gud med då dei var burtkasta, kva anna vert det då enn liv av daude, når dei vert mottekne?

16 Men er fyrstegrøda heilag, so er deigi det og, og er roti heilag, so er greinerne det og.

17 Um no like vel sume av greinerne vart avbrotne, og du, som var ein vill oljekvist, vart innpota imillom deim og vart samhavande med deim i roti og feita på oljetreet,

18 so rosa deg ikkje imot greinerne! men um du rosar deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg.

19 So vil du vel segja: «Greinerne vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.»

20 Ja vel! ved si vantru vart dei avbrotne, men du stend ved trui; ovmodast ikkje, men ottast!

21 For sparde ikkje Gud dei naturlege greinerne, so vil han ikkje spara deg heller.

22 Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik imot deim som er falne, men godleik imot deg, so framt du held deg til godleiken, elles skal du og verta avhoggen.

23 Men hine skal og verta innpota, dersom dei ikkje held fram i vantrui; for Gud er megtig til å pota deim inn att.

24 For dersom du vart avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller skal dei då verta innpota i sitt eige oljetre, dei som av naturi høyrer til der!

25 For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn,

26 og so skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: «Frå Sion skal frelsaren koma, rydja gudløysa burt frå Jakob,

27 og når eg tek burt deira synder, er dette mi pakti med deim.»

28 Etter evangeliet er dei fiendar for dykkar skuld, men etter utveljingi er dei elska for federne skuld;

29 for Gud tregar ikkje på nådegåvorne sine og kallet sitt.

30 For liksom de fyrr var ulyduge mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad,

31 so hev dei og no vore ulyduge for at dei og skal få miskunn med den miskunn som de hev fenge;

32 for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle.

33 Å, for djup av rikdom og visdom hjå Gud! Kor uransakelege domarne hans er, og kor urekkjande vegarne hans!

34 For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans?

35 Eller kven gav honom noko fyreåt, so han skulde få vederlag att?

36 For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.

12. kapitlet

1 So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta -

2 og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.

3 For ved den nåde som eg hev fenge, segjer eg til kvar og ein millom dykk, at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja visleg, alt etter som Gud hev tiletla kvar sitt mål av tru.

4 For liksom me hev mange lemer på ein likam, men ikkje alle lemerne hev den same gjerning,

5 soleis er me mange ein likam i Kristus, men kvar for seg er me kvarannans lemer.

6 Og sidan me hev ulike nådegåvor alt etter den nåde som me hev fenge, so lat oss, um me hev profetgåva, bruka henne etter som me hev tru til,

7 eller um me hev ei tenesta, taka vare på tenesta, eller um ein er lærar, på lærdomen,

8 eller um ein skal påminna, på påminningi; den som etlar ut, gjere det i god tru; den som er styrar, vere det med ihuge; den som gjer miskunn, gjere det med gleda!

9 Lat kjærleiken utan fals; styggjest ved det vonde, haldt fast ved det gode!

10 Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad!

11 Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!

12 Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni!

13 Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap!

14 Velsigna deim som forfylgjer dykk; velsigna, og banna ikkje!

15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei gråtande!

16 Ver samlyndte med kvarandre; trå ikkje etter det høge; men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke!

17 Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns åsyn!

18 So framt det er mogelegt, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneskje!

19 Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.»

20 Um då fienden din er hungrig, so gjev honom mat; er han tyrst, so gjev honom drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.

21 Lat ikkje det vonde vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!

13. kapitlet

1 Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa,

2 so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.

3 For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;

4 for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er.

5 Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet.

6 Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette.

7 Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava.

8 Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.

9 For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.»

10 Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.

11 Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui.

12 Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på!

13 Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund,

14 men iklæd dykk Herren Jesus Kristus, og hav ikkje soleis umsut for kjøtet, at det vekkjer lyster!

14. kapitlet

1 Tak dykk av den som er veik i trui, utan å setja dykk til doms yver tankarne hans!

2 Den eine hev tru til å eta alle slag, men den veike et berre urter.

3 Den som et, vanvyrde ikkje den som ikkje et; og den som ikkje et, døme ikkje den som et! For Gud hev teke seg av honom.

4 Kven er du som dømer ein framand dreng? Han stend eller fell for sin eigen herre; men han skal verta standande, for Gud hev magt til å halda honom uppe.

5 Den eine gjer skil på dagarne, den andre held alle dagar like; kvar vere fullviss i sin eigen hug.

6 Den som agtar på dagen, gjer det for Herren, og den som ikkje agtar på dagen, gjer det for Herren. Og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud; og den som ikkje et, gjer det for Herren og takkar Gud.

7 For ingen av oss liver for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv;

8 for um me liver, so liver me for Herren, og me døyr, so døyr me for Herren, so anten me liver eller døyr, høyrer me Herren til.

9 For Kristus døydde og vart livande att, for di at han skulde vera herre både yver livande og yver daude.

10 Men du, kvi dømer du bror din? eller du, kvi vanvyrder du bror din? me skal då alle fram for Guds domstol.

11 For det stend skrive: «So sant eg liver, segjer Herren, for meg skal kvart kne seg bøygja, og kvar tunga skal prisa Gud.»

12 So skal då kvar og ein av oss gjera Gud rekneskap for seg sjølv.

13 Lat oss difor ikkje lenger døma kvarandre, men døm heller so, at de ikkje skal leggja støyt eller fella for bror dykkar!

14 Eg veit og er viss på det i Herren Jesus, at ingen ting er urein i seg sjølv; men dersom nokon held noko for ureint, so er det ureint for honom.

15 Fær bror din sorg for din mat skuld, so fer du ikkje lenger fram i kjærleik; før ikkje med din mat honom i fortaping som Kristus døydde for!

16 Lat då ikkje det gode de hev, verta til spott!

17 For Guds rike er ikkje eting og drikking, men rettferd og fred og gleda i den Heilage Ande;

18 for den som tener Kristus i det, han er hugnadleg for Gud og tekkjeleg for menneskje.

19 Lat oss difor trå etter det som tener til fred og til uppbyggjing innbyrdes.

20 Riv ikkje ned Guds verk for mat skuld! Alt er vel reint, men det er vondt for det menneskje som et med samvitsagg.

21 Det er godt å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko som bror din støyter seg på.

22 Du hev tru; hav henne hjå deg sjølv for Gud! Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv i det han valet han gjer;

23 men den som tvilar - et han, so er han dømd, av di det ikkje er gjort av tru; alt som ikkje er av tru, det er synd.

15. kapitlet

1 Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.

2 Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!

3 For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.»

4 For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.

5 Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme,

6 so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!

7 Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra!

8 Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne;

9 men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.»

10 Og atter segjer Skrifti: «Fagna dykk, heidningar, saman med hans folk!»

11 Og atter: «Lova Herren, alle heidningar, og prisa honom, alle folk!»

12 Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.»

13 Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande!

14 Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre.

15 Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg,

16 at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande.

17 Difor hev eg mi ros i Kristus Jesus, i mi tenesta for Gud.

18 For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning,

19 med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,

20 men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,

21 men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.»

22 Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.

23 Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk,

24 no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk.

25 Men no fer eg til Jerusalem i tenesta for dei heilage.

26 For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.

27 Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege.

28 Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania,

29 og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning.

30 Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud,

31 at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage,

32 so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk.

33 Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.

16. kapitlet

1 Eg legg eit godt ord inn for Føbe, syster vår, som er tenar for kyrkjelyden i Kenkreæ,

2 at de tek imot henne i Herren, som det sømer dei heilage, og hjelper henne med alt som ho treng av dykk; for ho hev vore til hjelp for mange, ja for meg sjølv og.

3 Helsa Priska og Akvilas, mine medarbeidarar i Kristus Jesus -

4 dei hev våga sitt eige liv for meg, og ikkje berre eg takkar deim, men og alle kyrkjelydar av heidningarne -

5 og helsa kyrkjelyden i deira hus. Helsa Epænetus, min kjære, som er fyrstegrøda av Asia for Kristus.

6 Helsa Maria, som hev arbeidt mykje for dykk.

7 Helsa Andronikus og Junias, mine skyldfolk og medfangar, dei er namngjetne millom apostlarne, og dei kom og til Kristus fyre meg.

8 Helsa Amplias, min kjære bror i Herren.

9 Helsa Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.

10 Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus. Helsa deim som høyrer til Aristobulus’ hus.

11 Helsa Herodion, skyldingen min. Helsa deim frå Narkissus’ hus, som er i Herren.

12 Helsa Tryfæna og Tryfosa, som hev arbeidt i Herren. Helsa Persis, den kjære, ho hev arbeidt mykje i Herren.

13 Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og hans og mi mor.

14 Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne hjå deim.

15 Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas og alle dei heilage som er hjå deim.

16 Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.

17 Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de hev augo med deim som veld usemja og støytarne mot den læra som de hev lært, og haldt dykk ifrå deim.

18 For slike folk tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sine fagre ord og sin smeikjande tale dårar dei hjarto på dei godtrugne.

19 For ordet um dykkar lydnad er kome utyver til alle; difor gled eg meg yver dykk, men eg ynskjer at de skal vera vise til det gode og reine for det vonde.

20 Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føterne dykkar! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!

21 Timoteus, min medarbeidar, og Lukius og Jason og Sosipater, skyldingarne mine, helsar dykk.

22 Eg, Tertius, som skriv brevet, helsar dykk i Herren.

23 Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, og broderen Kvartus.

24 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.

25 Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider,

26 men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru,

27 han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024